Samandrag i Wikidata
Eg kan ikkje sjå anna enn at forma Sette [$2] tilleggsnamn set eit direkte samband mellom [$2] og resten av setninga; d.e. at [$2] ser ut som eit vanleg setningselement, som då må ha bindestrek eller skrivast om på liknande vis (på norsk, men ikkje engelsk). Hadde ein derimot skrive Sette tilleggsnamn [$2] verkar klammene som eit slags parentesar som kan frita innhaldet frå vanlege reglar; same kva det måtte vera. Det ville kan henda vore endå betre med vanlege parentesar, i det fall; for kjeldemeldinga òg.
Og same kva, meiner eg då at t.d. Sette [norsk (bokmål), svenska]-tilleggsnamn er rettare enn Sette [norsk (bokmål), svenska] tilleggsnamn av grunnen nemnd over. Men ingen av desse to ser heilt gode ut - i verste fall er båe to like galne.
Innholdet i setningen er aksjon og innhold som endres, med argumenter som angir plural og språk/site. Det er uaktuelt å endre innhold i argumentene, men hvis nynorsk-folka mener at de vil ha annen rekkefølge i strengene enn andre språk så feel free. Uansett vil jeg sterkt råde dere til å holde strengene så konsistente som mulig.
Det var ikkje snakk om å endra innhaldet i argumenta; men eventuelt parentesane, som er utanfor desse.
Om ein ikkje kan nytta bindestrek på norsk, er heller ikkje setninga Setting [$2] aliases rett engelsk; den rette norske omsetjinga av ei slik setning er nemleg med bindestrek, minder $2 var eit tal eller eit adjektiv.
Handling + objekt er setting aliases, tilleggsinformasjon er [$2]. Om [$2] ikkje er del av vanleg setningsstruktur, d.e. ikkje direkte knytt til objektet, bør det koma til sist: Setting aliases [$2]